Skal Kragerø bli bokmålskommune på grunn av nynorsk-frykt?

DEL

LeserbrevVestfold og Telemark skal bli slått saman, og slik nokon ser det, bør det gå mot språkkonflikt. I Vestfold er det overvekt av bokmålskommunar, og i Telemark hadde alle kommunane før samanslåingsprosessen valt nynorsk eller nøytralt.

Nå føreslår rådmannen i Kragerø at kommunen skal gå over frå å vere nøytral kommune til å bli bokmålskommune. Det inneber å gå tilbake på eit vedtak frå 1986. Saka skal opp i bystyret tysdag 12. februar. Grunnen til språkskiftet er kabalen som bestemmer fylkesmann-språket ut ifrå talet på bokmåls- og nynorskkommunar i storfylket seinare.

For å hindre at fylkesmannen går over til nynorsk, vil rådmannen at Kragerø går over til bokmål. Dette er ei underleg prioritering i samanslåingsprosessen. Er det verkeleg så vanskeleg med nynorsk som eventuelt fylkesmannsspråk at Kragerø vil bryte med sin eigen 33 år gamle språknøytrale identitet og skifte til bokmål?

Skien hadde det same spørsmålet oppe til behandling i fjor og valde å framleis vere språknøytral kommune.

Dialektene i kystkommunane i Telemark har masse til felles med nynorsk, og det å framleis opne for bruk av begge målformer i administrasjonen i Kragerø er eit lite bidrag til å dempe presset frå bokmål på det lokale talemålet som alle vil ta vare på.

Nei, her bør kragerøpolitikarane i bystyret tenke seg om ein gong til før dei melder overgang og melder byen språkleg sett inn i Vestfold nesten utan offentlig debatt.

Magne Aasbrenn

Leiar i Noregs Mållag

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags