Ja til ein leksefri skule

1. og 2. kandidat for Rødt i Vestfold og Telemark, Maren Njøs Kurdøl og Tobias Drevland Lund.

1. og 2. kandidat for Rødt i Vestfold og Telemark, Maren Njøs Kurdøl og Tobias Drevland Lund. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDet har lenge vore ei viktig breipolitisk kampsak at Noreg skal få den beste skulen i verda. Likevel har innfallsvinkelen variert noko frå parti til parti. På den eine sida har ein dei borgarlege partia som meiner at løysinga er å auka målstyringa, innføra eit pugge-teste-måle-regime og ei fråværsgrense. Med andre ord; ikkje lytta til kva elevar, lærarar og elevrørsla har å seia. Med seg på laget har dei hatt Arbeidarpartiet, som har godteke endring på endring frå dei borgarlege. Men eit godt stykke lenger til venstre er det eit parti som vel å stå på lag med elevane, og ikkje minst lærarane.

Me i Raudt har som køyreregel at me skal vera imot ei kvar forverring, og for ei kvar forbetring. Leksefri skule er ei slik forbetring, og borgarleg skulepolitikk er ei slik forverring. Me har valt å stå i stormen av skuldingar om naivitet, fordi me veit at vår politikk er den som faktisk skapar ein betre skule, både for lærarar og, viktigast av alt, for elevane. Det er ikkje vanskeleg å bevisa kvifor leksefri skule er den beste vegen å gå.

Eit døme på at lekser ikkje burde vera ein så sjølvskriven del av skulekvardagen, er resultata frå SSB-forskar Marte Rønning. Ho har gjennom studiar av fleire skular ikkje klart å finna nokon samanheng mellom lekser og gode skuleresultat. Tvert imot har ho funne ein klar negativ tendens på at dei som allereie slit på skulen, får det verre med lekser. Å drepa læringsgleda i staden for å hjelpa dei som treng det, kan me ikkje akseptera.

Eg meiner at den viktigaste grunnen til å ta kampen om ein leksefri skule er at dagens skule skapar klasseskilnader. SSB har i ein rapport slått fast at elevar frå ressurssterke heimar, og som har foreldre med høgare utdanning, i snitt presterer éin karakter betre i alle fag samanlikna med andre elever. Det er ei direkte kopling mellom dette og lekser. For ein som kan gå heim etter skulen og vita at foreldra kan hjelpa med leksa, er i ein unik posisjon til å læra. Om ein kjem frå ein heim kor foreldra har mindre utdanning, er moglegheita for å få hjelp med skulearbeidet mykje mindre. Me kan ikkje fortsetja å sjå bort frå dette; me må handla - for læringsgleda og for likskapen si skuld.

Maren Njøs Kurdøl og Tobias Drevland,

1. og 2. kandidat for Rødt i Vestfold og Telemark

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags