LESERBREV: Vil svare herr Wischuf slik at eg trur ikkje alt som fagfolk meiner om dei store rovdyra eller ikkje tar med. Det er så mykje utanom teorien i det naturlege livet. Kvifor ikkje seia tydelig ifrå at ulven er eller kan vere livsvarlig for folk. Nå er det nok mange av dykk som bare blåser i det, men eg er redd for ulver, for eg har vore i nærleiken av ulver åleine i skogen ein kveld – ikkje her i landet. Trur ikkje det er nokon som åleine treffer ulver som ikkje vert redde, men slik må ein del av oss ha det fordi me er i eit mindretal. Ja, for ein del av oss bur nær skogen, men husdyra våre må kunne få leve i fred og viltet som me har god kontakt med må ikkje bli utrydda. Difor må me vere jegerar som kan regulere mengda på rovdyr i skogen. Korleis Wischuf ville få vekk dei rovdyra me ikkje skal ha utan jegerar vil eg gjerne ha svar på.


Rett skal vere rett. Det er gaupa og ørna som i dag har øydelagt dyrelivet i skogen. Det er ikkje mat nok for den mengda av gaupe og ørn me har i dag. Ulven då? Kor mykje mat må ein ulv ha i året? Det viltet som er i skogen har vore eit matskap for mange og metta mange. Å se rovdyr er vanskeleg. Ein må vere glad om ein kan se ein rev av og til men den er fin. Ulv er ikkje noko å se på. I dag kan du nesten gå heile dagen i skogen uten å se et einaste dyr. Var det slik me skulle ha det?
Så var det om ulven er norsk rovdyr? At den har gode tilpasningsevner er eg einig i, men i dag er den freda for at den skal greie seg. Når ein ser på ein ulv så er ein nøydd til å seia at den høyrer ikkje heime blant alle dei andre dyra me har i skogen. Det er tydeleg at ulven har levd millioner av år kanskje på ein heilt annan stad, på dei store slettviddene. Dette må vel dykk fagfolk vere einig om. Hadde me hatt ulv i skogen vår, så hadde me ikkje hatt den mengda av dyr som me hadde før rovdyrfredninga.
 

Det er eit fleirtal av folket og i styring som ikkje har rovdyr nær innpå seg som har freda disse rovdyra. Rovdyraforliket 2011, vedteke i Stortinget den 16. juni 2011, nemner mellom anna «at det skal legges vekt på regional forvaltning, respekt for eiendomsretten og enkeltmenneskers og lokalsamfunns livskvalitet – og det er viktig å sikre levedyktig næringsvirksomhet i landbruket i områder med rovvilt».
Som dykk fagfolk ser så skal me slippe å leve saman med ulv. Det er ikkje noko liv å leve. Det er heller ikkje plass til ulv i vårt land. Det bur folk overalt.
Olav Ettestad