Kommunedirektøren har foreslått store kutt ved Kragerø bibliotek. 1/3 av personalkostnadene skal vekk.

Når ein ser på grunnlaget for budsjettet, ser vi at kommunedirektøren trur at Kragerø brukar utruleg mykje på bibliotek samanlikna med andre kommunar. I bakgrunnstala for budsjettet finn vi ein tabell der Kragerø kommune brukar 578 kr per innbyggar, samanlikna med 310 kr i heile landet og 347 kr i Bamble.

Det hadde vore fantastisk om det var slik. Dessverre ser det ut til at tala frå Statistisk Sentralbyrå som kommunen brukar baserer seg på feilrapportering frå Kragerø kommune. Når ein samanliknar kommunar er det viktig at ein samanliknar det same. Ved samanlikning av bibliotek i ulike kommunar, skal ein ikkje ta med husleigekostnader eller kostnader med drift av bygget biblioteket ligg i. Her ser det ut til at Kragerø har plassert heile husleiga på bibliotek, og ikkje på kulturbygg slik det skal gjerast. Dermed ser det ut til at Kragerø brukar veldig mykje meir på bibliotek enn naboane, og det blir lett å foreslå store kutt.

Når det er sagt: Kragerø brukar litt meir på bibliotek enn andre, og det skal kommunen vera stolt av. Då blir det utruleg dramatisk når kommunedirektøren foreslår å kutte 1/3 av personalbudsjettet. Det blir særleg alvorleg om framlegget er gjort med bakgrunn i feilrapportering og feil rekneskapsføring i kommunen.

Som mange andre kommunar er Kragerø inne i eit skifte. Det er færre ungar og fleire eldre. Det ser vi av budsjettframlegget: pengar og stillingar blir flytta frå oppvekst til omsorg. Det vil ikkje seie at det trengst mindre bibliotektenester. Meirope bibliotek er eit bra tilbod, men kan på ingen måte erstatte verdien av å møte kompetent personale. Biblioteket er der for alle i kommunen, og følgjer folk frå vogge til grav som ein møtestad med kultur, opplysning og samvær. Tiltaket med kutt ved biblioteket er dramatisk, særleg på lang sikt for eit samfunn som treng meir satsing på lesing, møtestader og kunnskap.

Vidar Lund
Leiar i Norsk Bibliotekforening