Gå til sidens hovedinnhold

Amatøren og skrubbane

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Før var eg ein glad amatør.
No er eg litt meir melankolsk, eller småtrist om du vil.
Det byggjest i byen, mykje nytt sprett opp.
Og amatøren freister å følgje med:
Eg les aviser, på nettet, på heimesida til kommunen,
arkitektteikningar, nabovarsel på pergament
og sågar ein sving innom kommunalt planverk.
Men eg forstår at eg er amatør,
at eg ikkje i min beste fantasi kunne sjå
korleis dette skulle bli i verkelegheita.
Er det slik politikarane har det og?
Dei som seier ja til korleis byen vår skal bli.

No reiser moderniteten seg på Skrubbodden.
No skjøner for alvor at eg er ein amatør, ein trist ein.
For no seier både politikar og røyster i administrasjonen
at eg må ta meg saman og følgje med før toget forlet perrongen.
Når reguleringsplanen blir handsama,
det er DÅ eg må skjøne korleis Smedsbukta vil bli.
Etterpå kan eg berre leggja inn årene og segla inn i solnedgangen.
For no veks dei berre fram.
I høgda, i bredden.
Høgt opp mot sky
Langt ut i vatnet.
Lova om 100 metersona gjeld ikkje for Skrubbane i Kragerø.

Kven ber ansvaret for ein by som mistar seg sjølv?
Skrubbane, rovdyra vi valde til å styra for oss.

Dei store og rike får ta frå oss strandsona så dei kan bli rikare.
Folk flest får ikkje utvide bryggja, skifte vindu eller veranda.
Det er dei gråe Skrubbane på Rådhuset som skal gjere det gode for byen.
Medan eg sit på gjerdet og skrik amatørens skeive vals.
Men det er vel betre det enn å vera ein Skrubb
som et strandsoner til frukost og småbyen til kvelds?
Plan- og bygningssjefen sa det så treffande i lokalavisa:
«Helt generelt er det dessverre mange som ikke ser konsekvensen
av en reguleringsplan før den realiseres.»
Eg legg til: Og arkitektur, det vakre og harmoniske har reist sin veg,
gått av moten, eller fått folkepensjon.

Vi har noko til felles der, Amatøren og Skrubbane.
Vi skjøner berre stykkevis og delt!
Så får vi saman lyfte blikket mot Kirkebukta, Jernbanekaia, Hellesundområdet,
Åtangen, Marina Service på Øya, og Stilnestangen.
Eg håper Skrubbane finn seg ny type næring,
sjølv om dei er rovdyr.

Ole Hustoft
Amatør

Kommentarer til denne saken