Gå til sidens hovedinnhold

22. juli må ikkje forbli dagen der hatet splitta oss

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er vanskelig å finne dei gode orda på ein dag som denne.

Me som er voksne hugsar veldig godt kvar me var og kva me gjorde på denna dagen for 10 år sidan, fredag 22. juli 2011.

Sjølv skulle eg, saman med familie og venner, feire bryllup ei heil helg i ein annan del av landet. Eg kan den dag i dag, mens eg står her, fortsatt hugse og kjenne den vonde følelsen i magen, som kom saman med sjokket etterkvart som den grufulle terroren som skjedde i Oslo og på Utøya blei kjent.

Der og då trudde eg, og mange som eg, at landet var under angrep frå ein ukjent, ytre fiende.

I staden viste det seg at vår største fiende kom innanifrå. Fienden var ikkje bare ein borgar av vårt eget åpne og frie demokrati, men ein fiende som kan finnas inni oss alle.

Hatet.

Det var der og då me erfarte kva hat kan føre til.

Eg skal ikkje forsøke å gjengi kva terroristen oppga som sin motiv for den ekstreme volden – det er for vanskelig å begripe kor mykje hat, konspirasjonsteoriar, rasisme, vrangforestillingar og forkvakla ideologiar som ligg bak.

Mange vil påstå at det her var ein gal manns verk. Ja, det er himmelropande galt, og ja, det er éin person som har ansvaret for all død og lidelse som blei påført.

Men ideologien kom frå ein stad. Det gjør meg opprørt å se at mengden av intolerante og hatefulle ytringar tilsynelatande aukar i omfang, 10 år etter at terroren ramma oss.

Me må stå opp mot hat, overalt i samfunnet. På skulen, på butikken, på fotballbanen og på nettet. Eg meiner me alle kan bli flinkare til å påtale det hatefulle og stå saman for å stoppe det hatefulle – og vise at det er fullt mogleg å behalde eit friskt ordskifte i samfunnet – utan hat.

Hat er som ein kreftsvulst, det startar i det små og er umerkelig. Overser me det så kan det vokse, og ta liv.

For det var infisert av hat, at terroristen med kaldt blod drepte 77 menneske, og skada endå fleire, den dagen.

Unge menneske som jobba og brant for dei verdiane dei trudde på. På demokrati, på fred og frihet, på et mangfoldig samfunn der me alle er like mykje verdt, uansett kva slags etnisk bakgrunn, hudfarge, kjønn og legning me har.

Detta er verdiar som ofra for terroren holdt høgt. Me skylder alle dei som døde, og alle dei som fekk sår på kroppen og sår på sjela, å fortsatt holde dei verdiane høgt.

Me skylder det også til alle dei etterlatte. Til foreldre, søsken, partnarar, barn og andre familiemedlemmer og venner, som aldri fekk sine kjære heim frå jobb og sommarleir 22. juli 2011.

Bombeattentatet mot Regjeringskvartalet og massakren på Utøya ramma oss alle, men det er ingen tvil om kven som var målet for terroristens ugjerningar: Regjeringa og Arbeiderbevegelsen ved Arbeiderpartiet og særleg AUF.

I tida etter 22. juli 2011 trur eg mange var opptekne av å finne ein definisjon – og å forstå – si eiga rolle eller tilknytning til hendelsane i Oslo og på Utøya. Eg trur dette gjelder mange av oss som ikkje var der tragediene fant stad, og som kanskje ikkje kjenner nokon som blei direkte ramma.

Eg trur også det gjelder mange av oss som ikkje er medlem av Arbeiderpartiet.

Det er heilt naturleg å tenke på kva ein gjorde og korleis ein reagerte. Det er også naturleg å søke etter forbindelsar mellom seg sjølv og til det som skjedde.

Det er vel slik sett eit sunnhetsteikn også, at me søker eit fellesskap med dei som blei spesielt ramma av terroren. Me står saman med Arbeiderbevegelsen, Arbeiderpartiet og AUF på denne dagen.

Om me så langt ikkje har klart å definere kva Noreg har blitt etter 22. juli 2011, så har dagen for ti år sidan i alle fall kraft til å definere kva Noreg vidare skal bli, om me velger å bruke den krafta. Om me står opp mot hatet.

22. juli må ikkje forbli dagen der hatet splitta oss. 22. juli må bli dagen der kjærleiken forente oss, og fortsetter å minne oss om at det er meir som forener oss enn det som splittar oss.

Tor Peder Lohne (Sp)
Ordfører i Drangedal

Kommentarer til denne saken